Ph.d.-kandidater og forskningsprosessen : bibliotekets bidrag

Lesegruppa ved UiS diskuterte på møtet 18. juni rapporten til Eystein Gullbekk, Tove Rullestad og Maria Carme Torras i Calvo

http://www.ub.uio.no/om/skrifter/hefte07.pdf

Rapporten er stor og omfattande, men vi  konsentrerte oss, etter leseråd frå forfattarane, om kap. 4: Anbefalinger til utvikling av bibliotekets kurs og veiledning.

I dette kapitlet blir det, med bakgrunn i ein omfattande litteraturstudie og ei brukarundersøking (fokusgruppestudien), gitt anbefalingar til korleis biblioteka kan utvikle gode kurs og veiledningar for ph.d.-studentar.

Eit av funna som blir trekte fram er at kandidatane har liten kunnskap om systematisk litteratursøking, samtidig som mange har relativt stor sjølvtillit til eigen kompetanse. Andre kan vere redde for å avsløre manglande kompetanse for medstudentar og veiledar. I møte med kandidatane er det viktig at vi som fagansvarlege bibliotekarar legg vekt på den kompetansen vi har, at vi er gode i søking og har kjennskap til dei aktuelle databasane, men at vi ikkje har inngåande kunnskap om det aktuelle fagområdet.  

Behovet for søking etter litteratur er spesielt stort i starten av ph.d.-løpet, og det er oftast i arbeidet med å skaffe seg oversikt over litteraturen at kandidatane føler seg mest usikre. Det er derfor viktig at biblioteket/den fagansvarlege kjem inn på eit tidleg tidspunkt. Første semester blir i rapporten anbefalt som eit godt tidspunkt for kurs.

Eit anna funn er at stipendiatar ikkje har biblioteket som førsteval når dei skal skaffe litteratur. Dei kontakter ofte kollegaer og gjerne også forfattaren, istadenfor å gå til biblioteket eller søke i biblioteket sine basar. Ein grunn dei oppgir for dette, er at det tek for lang tid å få tak i litteraturen gjennom biblioteket. Ein annan grunn kan vere at bøker blir purra og må leverast tilbake innan relativt kort tid. Er det muleg å gi stipendiatar ekstra lang lånetid og amnesty i travle skriveperiodar?

Gruppa bak rapporten har gjort ein stor jobb med å kartlegge behovet for bibliotektenester hos ph.d.-kandidatane, og vi meiner at mykje av det som blir omtala i rapporten er overførbart også til kontakt med andre tilsette og studentar på lågare nivå. For oss i lesegruppa og på UiS er rapporten svært aktuell og nyttig. Biblioteket har nedsett ei gruppe som bl.a. skal komme med anbefalingar til korleis vi kan jobbe med forskingsstøtte framover.

Neste møte: 24. september.

Advertisements
  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: